A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Oppvekstsenteret og bygda

Hugs å gå inn på INSTAGRAM for å følgje med...

Bilete frå skule- og barnehagekvardagen

Det er aller lettast å følgje med ved å installere app'en Instagram på mobiltelefon eller nettbrett, men du kan òg gå inn på denne heimesida for å sjå bileta: Jostedal oppvekstsenter på Instagram

2017-04-03
17-mai-plakat

17.mai-program Jostedal

Gudsteneste i kyrkja kl 10, tog frå kyrkja kl 11, program frå scena i Samfunnshuset ca kl 12.30. HUGS KONTANTAR! Sal av is, burs, pølser, lapskaus, rømmegraut, kaker og kaffi. Alle er velkomne!

2016-05-11
strikking-illustrasjon

Torsdag 4.februar: Kom og hjelp 3.-7.klasse med

STRIKKING - open dag for alle som vil hjelpe elevane

4.februar frå kl 9.30 til 13 inviterer me alle som kan strikke og vil hjelpe elevane med dette til ein slags strikkekafé på skulen. Det blir servering av kaffi og lett formiddagsmat for gjestene - meld deg på via e-post (mette.f.reinertsen@luster.kommune.no) eller sms (91715162) til Mette rektor/styrar (så me veit kor mange som kjem). Me vil fordele gjestene på elevgruppa, og elevane vil ha ulike prosjekt etter interesse og kor langt dei er komne i læringsprosessen. Om du har rundpinnar og strikkepinnar du vil gje til skulen, tek me gjerne imot dette! 

2016-01-28
Logo55_m-visjon21

Onsdag 28.okt: Middag og konsert - alle er velkomne!

Innsamling til flyktningane i Syria: Støttekonsert m/middag

Elevane i 5.-7.klasse serverer middag PÅ SKULEN frå halv fire til halv fem, og me samarbeider med Rockeverkstaden om konsert I DØLAHEIMEN etterpå (start kl halv fem). Det kostar 200,- for vaksne og 50,- for born, pengane går til vår eigen Redd Barna-aksjon. FAU hjelper oss med kakebaking, praktisk rigging og rydding og kaffikoking i Dølaheimen. Om nokon vil gje meir eller dele aksjonen med andre, er lenkja HER, det er berre å starte innsamlinga!
2015-10-28
kaffe-muffins

Måndag 14.september har 5.-7.trinn

Valkafé på Jostedal skule kl 12-17

Elevane i 5.-7.trinn har baka muffins og førebudd kafé til valdagen - i tillegg til at dei har lært om lokaldemokrati og viktige saker i valkampen her i Luster. Kaféen er på skulen, hugs kontantar!

2015-09-07

Jostedal oppvekstsenter - hjartet i bygda

Visjon og satsingsområde 2015-2016

Her er presentasjonen av satsingsområde i skule og barnehage 2015-2016 og visjonen "Hjartet i bygda" med oppgåvene foreldra svarte på på felles foreldremøte for oppvekstsenteret torsdag 27.aug 2015:
 

2015-08-27

Mette rektor/styrar sin

Presentasjon for formannsskapet 20.mai 2015

2015-08-25
HoppforNepal

Innsamlingsaksjon ved skulen, ope for ALLE:

Hopp for hjartet - og Nepal!

I samband med skulen sitt arbeid med demokrati, internasjonalt ansvar og solidaritet, har me brukt å ha ein innsamlingsaksjon knytt til fysisk aktivitet for borna, og denne gongen har me i samråd med FAU laga ein aksjon til inntekt for born som er råka av jordskjelvet i Nepal. Ungane i skulen og barnehagen har eit særskilt forhold til Nepal frå Forut-aksjonen i haust, og det vil difor vere noko alle kan relatere til. På skulen har me òg pedagogiske opplegg knytt til jordskjelvkatastrofa denne veka. Her er nettsida til aksjonen vår hos Redd Barna der ein kan betale inn: http://L2W.no/rero.

2015-05-21

Her ligg ein kalendar som oppvekstsenteret hjelper bygdelaget med:

Kva skjer i Jostedalen?

Kalendaren skal vere eit verktøy for samla oversyn over meir eller mindre faste aktivitetar i bygda. Det skal vere mogleg å abonnere på kalendaren!

2014-11-12
Powered by CustomPublish AS