"Den 14.9 gjekk det eit ras over FV 55 mellom Bøvertun og Rustadsæter, og vegen vart
stengd. Vi er no komne til den 21.9 og vegen er enno ikkje opna. Luster kommune
meiner Vegstyresmaktene no må setje fart i arbeidet slik at Sognefjellsvegen vert opna
att for vanleg trafikk snarast råd.

Sognefjellsvegen er eit viktig samband mellom aust og vest. Det er viktig for
lokalbefolkningen som bur i Sogn og Ottadalen, og det er viktig for næringslivet i desse
regionane. Reiselivet her har dei siste åra arbeidd mykje og målretta mot å utvide
sesongen. Bedriftene i Luster har greidd å få nye kundegrupper utover hausten og
mange verksemder har utvida sesongen med veker/månader. Hausten er som vi veit ei
vakker tid både i fjell og ved fjord. Ein grunnleggjande føresetnad for å få kundar til
verksemdene er at vegen er open. Sognefjellsvegen er ein viktig veg for dei som kjem
frå aust og inn i Sogn.

Det er og sjølvsagt mykje anna næringstrafikk over fjellet. Det mest synlege er Lerum
sine bilar som nyttar Sognefjellet mykje.

Luster kommune vonar med dette på ei rask opning av vegen."