Status:

All smitte stammar framleis frå utbrotet på Meat Point, det er ingen andre smittevegar.
Luster har 6 smitta og 36 i heimekarantene. Desse har teke ny prøve etter 7. dag. Berre ein av desse prøvane er analysert til no i dag. Den prøven er negativ ogvedkomande kan gå ut av karantene. Me håpar me får svar på resten av prøvane frå Førde etter kl. 22. i kveld. Det vil komme ny informasjon

Me opplever at situasjonen er under kontroll. Det kan endre seg om fleire prøvar viser smitte. Då må smittesporinga halde fram.
Det er ressurskrevjande og me har difor bede om at innbyggjarane har forståing for ventetid på legekontoret og ber om at henvendelsar om det som KAN vente blir teke ETTER fellesferien.

 

Oppmoding:
For lettare å stoppe smitten har me følgjande oppmoding til innbyggjarane våre:

1.       Hold avstand og vask/sprit hender.

2.       Ta koronatest og hald deg heime viss du er sjuk.

3.       Me krev ikkje, men ber om at fullvaksinerte nærkontaktar også går i karantene.

4.       Me krev ikkje, men ber om at nærkontaktar som er delvaksinerte med ein dose for meir enn 3 veker sidan går i karantene og at dei ventar til etter dag 7 etter smitteeksponering med å ta PCR-test.

5.       Ta del i dugnaden også du som er vaksinert. Opptre som om du ikkje er vaksinert. Test deg umiddelbartved symptom, uansett vaksinestatus.

6. Me oppmodar til at alle følger dei nasjonale reglane ved sosiale samlingar og er ekstra varsame med å samle store grupper folk utan å følgje dei nasjonale reglane , 

 

Me er stolte over innsatsen og lojaliteten innbyggjarane viser for å stoppe smitten.
 

Utfordring:
Det er ei ekstra utfordring at smitten kjem frå delta-viruset og ikkje alfa-varianten som vaksinen er retta mot. Både fullvaksinerte og delvaksinerte kan bli smitta og kan smitte andre når smitten kjem frå delta-viruset.


Nasjonale karantenereglane er no slik at nærkontaktar som er enten fullvaksinerte eller delvaksinerte for meir enn 3 veker sidan ikkje kan påleggast karantene. Alle andre, inklusive delvaksinerte med fyrste dose for mindre enn tre veker sidan, skal i karantene i 10 dagar frå mogleg eksponering for smitte.

 

Me ber difor om friviljug karantene for delvaksinert og fullvaksinerte nærkontaktar.
 

Me oppmodar om at dei som er i karantene ventar med å ta ny PCR-test til dag 7 etter smitteeksponering, uansett vaksinestatus, og fyrst går ut av karantene ved negativ prøve.

 


Vaksinering:
Det er no opna opp for at alle, uansett alder kan tinge 1. vaksine her i Luster. 467 skal vaksinerast onsdag 28. august. Me oppmodar alle andre som ikkje har fått fyrste vaksinedose om å bestille time til vaksinering 4. eller 11. august. Det gjer du på www.helsenorge.no eller kontaktar koronatelefonen 906 72 675 for å bestille time. Vaksinen er gratis og føregår i idrettshallen i Gaupne.

Me oppmodar alle om å vaksinere seg. Vaksinen beskyttar mot alvorleg sjukdom, også av Deltavarianten.