Området er i kommuneplanen sett av til fritids- og turistføremål. Samla er det på ca. 47 daa.

Dagens bruk på eigedomane er privat tenesteyting. Det betyr at bruken ikkje er i samsvar med kommuneplanen. Det er eit ynskje både frå eigarane og Luster kommune at planområdet vert omregulert til det det vert nytta som – privat tenesteyting. Plangrensa kan bli endra mot F55 Lustravegen, dersom siktlinjer for avkøyrsla krev det.

Planarbeidet er vurdert til ikkje å verte fanga opp av verkeområdet til forskrifta om konsekvensutgreiingar.

Arkitektkontoret 4B gjennomfører planarbeidet for grunneigar Ecura Bo og Habilitering. Terje Ottar Melheim er deleigar av eigedomen 153/18. Han er informert om oppstart av planarbeidet.

Spørsmål om planarbeidet kan rettast til Arkitektkontoret 4B, Guri Fonsdal, guri@arkitektkontoret4b.no

Innspel til varsel om oppstart av planarbeidet kan sendast til: Arkitektkontoret 4B, Trolladalen 30, 6856 Sogndal eller post@arkitektkontoret4b.no innan 5. mai 2021.