Hovudoppgåver

- planleggja og driva lokale fagnettverk innan inkluderande barnehage- og skulemiljø

- bindeledd mellom den regionale satsinga og den lokale satsinga, dvs. delta på regionale samlingar og ha dialog med regionale ressurspersonar i prosjektet

- delta i kommunalt strategiarbeid

- delta på nasjonale samlingar i Inkluderande barnehage- og skulemiljø-prosjektet

- formidling på einingane ved behov

Kvalifikasjonskrav

- søkjarar må vera tilsette i Luster kommune barnehage-/skuleåret 2018/19

- barnehagelærarar / lærarar med kunnskap og interesse for korleis skapa inkluderande barnehage- og skulemiljø

- kunnskap om grunnleggjande lovkrav til inkluderande barnehage- og skulemiljø

Personlege eigenskapar

Me søkjer tilsette som

- er strukturerte og har gode samarbeidsevner

- kan arbeida sjølvstendig

Løns- og tilsetjingsvilkår

Løn- og tilstjingsvilkår i samsvar med gjeldande regelverk

Søknad

Bruk søknadsskjema som ligg til stillingsannonsa på vår heimeside: www.luster.kommune.no - ledige stillingar.

For spørsmål om stillinga kan du kontakte kontaktpersonen. Dersom du har behov for hjelp til å søke kan du ta kontakt med Servicetorget på tlf. 57 68 55 00. Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden. I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort må du grunngje dette. Opplysningar om søkjarane kan likevel bli offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du kan trekkje søknaden din.

Søknadsfrist 21.06.2018

Kontaktperson

Knut Åge Teigen, kommunalsjef oppvekst, tlf: 57 67 55 22, mobil: 951 47 914, knut.age.teigen@luster.kommune.no