Rapport heimeskule

Hei.

Då er me komne godt i gong med 2.veka med heimeskule. Me er so langt veldig nøgd med måten dette har løyst seg på hjå elevar, føresette og oss lærarar. Me har forståing for at det kan verke krevjande å jobbe slik for nokon, og at motivasjonen til elevane kan variere. Difor har vi ekstra fokus på at elevane får pausar og variasjon gjennom dagen og i aktivitetane/undervisninga.

Me tykkjer også at det er flott at alle elevane er med på videochattane våre. Eg har inntrykk av at dei syns det er kjekt å sjå kvarandre att, sjølv om det er på skjermen.

Me er også veldig imponert over korleis de jobbar heime, elevane sin innsats, føresette og tilsette som føl opp og legg til rette på ein veldig god måte. Alle klassane jobbar digitalt, på ein eller annan måte. Oppstår det vanskar der, ta kontakt med kontaktlærar.

Me minner om at skulen sine surfacar kunn skal brukast til skulearbeid, og det er eleven som har lånt heim datamaskin som skal bruke den. Altså skulen sine datamaskiner skal ikkje brukast til anna enn skulearbeid, og den skal ikkje delast mellom fleire sysken til dømes, dette pga lisensar, brukarar, tilgangar osv. «Teams» sin chattekanal skal kunn brukast i samråd med lærar til skulearbeid.

Dersom de må ha tak i utstyr/materiell på skulen, gjer avtale med kontaktlærar, så koordinerar kontaktlærar med administrasjonen/skulen.

Gro Anita

2020-03-25 Gro Anita Røren
Tips ein ven  Skriv ut