A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Rapport heimeskule

Hei alle saman!

Me er komen godt i gong med veke 6 i heimeskulen. Ting har verkeleg begynt å kome på plass og det verkar som elevane forstår "systemet" med dei planane me har laga til dei. Vi er etter kvart vortne nokre racarar på å nytte den digitale læringsplattforma Teams - vi har videomøter, oppgåver, innleveringar og chattar, som om me aldri skulle gjort noko anna. Tipp topp der altso :) Innimellom opplever vi også litt krøll, spesielt når det kjem til å finne att arbeid, som allerede er byrja på. Elevane opplever at noko av det dei skreiv sist, er vekke, eller at dei ikkje finn att dokumentet i det heile teke. Me prøver då so godt vi kan å hjelpe til, men innimellom kan det vere litt utfordrande å finne ut av problemet, spesielt når vi sit på kvar vår plass. Men alt i alt, kan vi sjå at elevane er vortne endå meir strukturerte og flinke til å finne løysingar på skulekvardagen - all mogleg grunn til å gi borna dykkar skryt her altso! 

Denne veka byrja som kjent 1.-4. klasse på skulen att. Det vert spennande å sjå utviklinga framover. Vi kryssar fingrane for at tilstanden i samfunnet vil tillate at det snart vert vår tur til å byrje att. 

Ynskjer dykk fine dagar framover.

Ps: minner dykk på at fredag er 1.mai og elevfri dag :) 

Gro Anita  

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS