A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Referat frå felles foreldremøte 28. august 2014

Hovudsaker: Satsingsområdet SPRÅKUTVIKLING og idémyldring om kva me skal bruke pengane frå banken til

Desse møtte: Vibeke, Randi, Ellen, Sarah, Bjørn Inge, Anny, Magnus, Morten, Marit, Vidar, Jorunn Anita, Kine, Hanne Mari, Svanhild, Ove H, Ronny, Sigbjørn, Einar, Nils, Oddmund, John Geir, Mette og Oddbjørg

Skrivar: Oddbjørg

Foreldrerepresentantar dette skule-/barnehageåret:

For barnehagen: Ellen Kynningsrud Sperle - leiar, Sarah Jane Hails - nestleiar, Bjørn Inge Fossen, Ragnhild Ås

For skulen: Vidar Aasen (1.kl), Bente Myklebust (2.kl), Even Loe (3.kl), Anny Y Snøtun – leiar (4.kl), Svanhild Prestegård - nestleiar (5.kl), Vibeke Viem – kasserar (6.kl), Oddmund Hoel – skrivar (7.kl)

Foreldrerepresentantar i samarbeidsutvalet (su): Anny Yttri Snøtun (leiar su), Ellen Kynningsrud Sperle (nestleiar su), Svanhild Prestegård, Sarah Jane Hails

Satsingsområda våre 2013 - 2015: SPRÅKUTVIKLING og MEDVERKNAD

Satsingsområde språkutvikling:

  1. Kva meiner DU er viktigast for språkutvikling hos ditt barn?

Arbeidsmetode: Tenkje ein og ein først, så summe med sidemannen - utan at nokon skulle dele etterpå, berre som førebuing for å kople alle på temaet språkutvikling

  1. Mette skisserte kort viktige/nye tiltak for barnehage og skule (sjå eiga liste som òg vart presentert på leiarmøte Oppvekst i lag med dei andre skulane og barnehagane sine tiltak)
  2. Luster kommune sin nye leseplan for skule og bhg: Felles for kommunen, men tilpassa Jostedal oppvekstsenter (Mette gjekk kort gjennom delane i planen - han ser lang og omfattande ut, men i praksis berre 1 side pr klassetrinn + forklaringar av omgrep og metodar).
  3. Leseplanen vert lagt synleg og lett tilgjengeleg på nettsidene til oppvekstsenteret, men ikkje sendt heim til alle. Skriv gjerne ut planen heime!

 

Satsingsområde medverknad:

Spørsmål til foreldra: Kva skal pengane frå banken (100.000) nyttast til?

Arbeidsmetode: Summe med sidemannen, så runde der alle para delte tankar og idear som var komme fram under summinga. Dette kom fram:

  • Lite skitrekk
  • «Viktigare med fysisk aktivitet enn nettbrett, det får dei nok av heime»
  • Leikeapparat. Noko fysisk utfordrande for dei litt eldre barna òg, d.t. klatresti, leikejungel, «tarzanløype», klatrepark, motorikkpark
  • Felles samlingsplass, paviljong, uteklasserom
  • Bøker for ulike trinn – oppgradering av skuleboksamlinga
  • Paviljong, ein samlingsplass, historieforteljing
  • Kritisk til mykje bruk av pengar til digitale ting, men ser fordelene med nettbrett (mange bøker i ein dings)
  • Utbetring av kunstgrasbana (påfyll av gummiknuppar)
  • Skøytebane om vinteren i ballbingen
  • Ledige spelemidlar til klatrepark? Lett å få midlar til slike ting no for dei som er flinke med søknadar. Tips: Sjå i Førde
  • Klatrepark
  • Leseland-appar frå Samlaget (krev nettbrett, så kostar det 49 kr pr bok)
  • Nettbrett
  • Aktivitet i staden for nettbrett
  • 3D printer
  • Fysisk aktivitet/nettbrett: Både – og!
  • Store uteleiker, «læreleiker»
  • Fysisk aktivitet er bra
  • Uteområdet og klatreleikeapparat
  • Bøker
  • Hoppforbundet deler ut små hoppbakkar
  • Skulen lage liste for kva dei ynskjer å få til > bruke lista til å få meir peng

(Fleire ting er notert fleire gonger. Dette for å få fram korleis praten gjekk)

Mette: Kjem tilbake med prioriteringar seinare etter å ha lagt fram denne lista + evnt fleire ting for personalet på skulen og elevrådet. Blir sendt ut på e post. Kom gjerne med fleire forslag på e post!

Føringane frå banken: Investeringar av ei viss varigheit + personalet og elevane avgjer i lag.

Informasjonssaker frå rektor/styrar

Opplæringslova § 9a:

  • Elevane har rett til å trivast på skulen.
  • Foreldra må melde frå om eigne (el andre sine) barn blir mobba, gruar seg til å gå på skulen osv.
  • Kva for konkrete handlingar gjer me mot kvarandre som krenkjer?
  • Kva for konkrete handlingar gjer me mot kvarandre som gjer oss glade?
  • Er de bekymra for barnet so meld i frå!
  • Jostedal skule er ein Olweus-skule, dette tyder at me har eit system for å førebygge og handtere mobbing, mellom anna ein time i veka for alle klassar der me tek opp trivsel, korleis me er mot kvarandre osb (les meir under «Læringsmiljø» på nettsidene til oppvekstsenteret).

Ordensreglar:

  • Felles for Luster kommune. Vedtekne av Formannskapet + Eigne for Jostedal skule. Desse blir tekne opp i SU kvart år.
  • Ordensreglane gjeld frå busskø – skulen – heim.

Skulefri:

  • Rektor kan gje inntil 10 dg fri pr år. Klasselærar kan gje inntil 2 dg fri.
  • Rektor har forståing for at ein av ynskjer å ta barnet fri frå skule, men hugs på timing - ta tidspunkt opp med skulen i god tid!
  • OBS: Når du tek barnet ut av skulen, skriv du under på du som forelder tek over ansvaret for det barnet skal lære i den perioden barnet er borte frå skulen. Legg opp til å ta att arbeid i lag med ungane!

Skuleskyss:

  • Ny ordning i år: Trekke kortet sitt gjennom automaten kvar dag.
  • Over 4 km (2 km for 1.klassingar) = automatisk rett til skyss frå Fylkeskommunen, elles søknad til kommunen pga farleg skuleveg (evnt berre vinterskyss)
  • Farleg skuleveg (kortare enn 4 km): Foreldre søkjer til kommunen, skildre kva som er farleg + ha med namn, fødselsdato til barnet og adresse. Strengare praksis frå 5.trinn og oppover enn 1.-4.trinn.
  • Kan ein bli med nokon heim og ta bussen? Det kan ein framleis. Viss vedkommande ikkje har busskort må han/ho betale som for vanleg busstur.
  • Busskortet kan laminerast for å halde lenger.
  • Skulen har reservekort viss ein gløymer kortet ein dag.
  • Kan kortet ligge i bussen? Mette sender inn framlegg om det.

Barnehagefrukost

Fåe som et frukost i barnehagen no. Barna kan ta med frukost heimanfrå viss dei ynskjer det! Då treng ein ikkje betale for frukosten i barnehagen. Gje beskjed til barnehagen kva de ynskjer.

Skulefrukt:

Ser at fleire av barna treng energipåfyll i 2.friminutt. Lettast om elevane har med frukt heimanfrå. Kan og gå inn ordning med fruktlevering frå ATS.

Gje skulen melding om kva de ynskjer!

Mette undersøker pris på frukt hjå Joker Jostedal. Ho tek saka vidare med FAU

Nettvett:

  • Tilråding for born: Max 1 time skjermtid kvar dag (i tillegg til skuletida)!
  • Film om personvern kjem på nettsidene i næraste framtid (fekk ikkje synt fram)

Bading:

  • Skuleungane får bade sjølv om det ikkje er offentleg bading.
  • Spørsmål frå foreldre: Kvifor er det ikkje offentleg bading? Foreldreutvalet tek denne saka vidare.
Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS