A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Referat frå skulemiljøutval 24.januar 2013

Referat frå skulemiljøutvalet 24.januar 2013 Desse møtte: Svein Ove Slinde, Sigrun Sandvik Kalhagen, Atle Thomassen, Edin Hunshamar, Andrea Elisabeth Bjørk, Asle Hauge og Odd Bukve. Sak 01/13 Godkjenning av møtereferat frå 13.sept. 2012. Godkjent utan endringar. Sak 02/13 Resultat av medarbeidarundersøking Rektor orienterte. 16 av 21 lærarar deltok i undersøkinga. Resultatet viser større til- fredsheit med arbeidstilhøva blant lærarane på Luster ungdomsskule i høve resultatet frå tidlegare år. Sak 03/13 Resultat av olweusundersøkinga Rektor orienterte. Deltakinga var 121 av 121 elevar. Resultata viser lita mobbing på skulen vår, men sjølv om få elevar påstår å bli mobba i periodar, er dette òg for mykje. Skullen arbeider jamt med problematikken mobbing, minst 16 klassemøte pr. skuleår. Elevrepresentantane fekk uttala seg om undersøkinga. Dei var fornøged med utviklinga, ein meir samansveisa gjeng enn tidlegare år. Undersøkinga viste at trivselen blant elevane generelt var god, og at me hadde nedgang i tal elevar som følte seg mobba. Sak 04/13 Ymse: Ev innkomne saker Valfag: Nytt tilbod for 8. steget hausten 2012. Ønskje om å gje elevane fleire val til skueåret 2013/14, og vurderer eksisterande tilbod. God presentasjon av valfaga på barnesteget er vesentleg for å gjera dei rette vala frå barnesteget til ungdomssteget.

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS