A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Referat frå SU-møte 1 2018/2019

Referat

Referat frå SU møte Jostedal Oppvekstsenter 7/11-2018

Stad: Kjøkenet på skulen

Tilstades: Anne Marte (foreldrerepr. barnehage), Karine (tilsett bhg), Ruth (tilsett skule), Marte (FAU), Jostein (elevrådet), Mette (rektor)

Forfall: Siri Elise (elevrådet), Ingar (politisk vald), Ane (andre tilsette), Kine (FAU) og Bjørn (foreldrerepr. bhg)

 

Sak 18/19-01 Konstituering

  • Forslag om at Marte Meland vert leiar av SU, Bjørn Gjelsten vert nestleiar, alle einige om det.
  • Det skal og vere eit skulemiljøutval der representanter frå foreldre og elevar ved skulen skal ha fleirtal. Forslag om at SU utan barnehagerepresentantane og andre tilsette fungerer som det, alle eininge.

 

Sak 18/19- 02 Årsplan for barnehage vert godkjend.

  • Dert var stilt spørsmål om IKT i barnehagen. Rektor svara at første skritt er eit temaforeldremøte felles for bhg og skule i vinter. Ei kommunal strategigruppe for barnehagene skal konkretisere IKT-arbeidet i barnehagene.
  • Det vart og stilt spørsmål om arbeid med psykisk helse/ IBOS (inkulderande barnehage- og skulemiljø), rektor informerte om dei aktuelle punkta i årsplanen. Dette vil etter planen bli eit viktig tema på foreldremøtet til vinteren.
  • Vidare vart det sagt at ein bør fortsette med spørjeskjema før foreldremøte, og at innspel til tema og saker på desse møta er særs velkomne.

 

Sak 18/19-03              Rektor informerte om satsingsområder dette skuleåret:

  • Inkluderande skule- og barnehagemiljø
  • Språkutvikling

Diverse:

  • Møtetid 15.30 passar greit for både elevar, tilsette og foreldre. Forslag om neste møte midt januar (16) for å planleggje foreldremøte 7. februar.
  • Uteområdet: elevane ønskjer seg zip-line. Marte sjekkar med utebhg på Fløyen korleis dei har gjort det, Karine sjekkar med bhg på Kjørnes.

Referent: Marte Meland

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS