I samsvar med reglane i Plan- og bygningslova §§ 12-3 og 12-11, har det faste utvalet for plansaker i møte 11.04.2019, sak 24/19, vedteke å leggja framlegg til revidert planframlegg for Botn, Hafslo, Plan-ID 1426-2016004 ut til 2. gongs offentleg ettersyn og vert sendt aktuelle fagorgan for uttale.

Planframlegget med tilhøyrande saksdokument er lagt ut til ettersyn i tida frå 13.04. - 25.05.2019. Planen ligg også  i papirformat på servicetorget i rådhuset.

Plandokument:

Planomtale til 6. gongs handsamiing
ROS-analyse
Plankart
Illustrasjon 1
Illustrasjon 2
Rapport frå synfaring 14.12.16
Saksframlegg
Vegprofil 1
Vegprofil 2
Vegprofil 3
Vegprofil 4

Plankart på web


Endringa i nytt planframlegget omfattar området BUN1- byggeområde naust. 

Spørsmål knytt til planframlegget kan rettast til Luster kommune v/kommuneplanleggjar Torunn Løne Vinje, tlf.: 57 68 55 93  E-post: torunn.lone.vinje@luster.kommune.no

Merknader til planframlegget skal sendast til Luster kommune, Rådhusvegen 1, 6868 Gaupne, E-post: postmottak@luster.kommune.no  innan 25. mai 2019.

Vedtak om eigengodkjenning av reguleringsplan

Luster kommunestyre har i møte 14.06.2018, sak 34/18, vedteke reguleringsplan for Botn, Hafslo - Plan ID 1426-2016004. 

Den vedtekne reguleringsplanen er lagd ut på servicetorget på Rådhuset, på Spar Hafslo og på biblioteket i Gaupne. 

Reguleringsplan for Botn vart første gong vedteken av Luster kommunestyre i møte 21.09.2017, sak 43/17. Vedtaket vart påklaga. Fylkesmannen tok klagen til følgje og oppheva vedtaket.
Den planen som no er vedteken, er endra ved at planområdet er noko innskrenka. Eit område langs Hafslovatnet, på eigedomane 155/85 og 155/16 er teke ut.

For vedtak om reguleringsplanar gjeld:

Vedtak om eigengodkjenning  av reguleringsplan kan påklagast av alle med rettsleg klageinteresse i saka, jf. reglane i §12-12 og §1-9 i plan- og bygningslova, og kap. IV i forvaltningslova. Eventuell klage skal sendast skriftleg til Luster kommune, Rådhusvegen 1, 6868 Gaupne, innan 3 veker frå offentleg kunngjering. Klagen skal grunngjevast og innehalda opplysningar om kva tilknyting klagaren har til det regulerte området.

Eventuelle krav om eller innløysing eller erstatning må setjast fram skriftleg innan 3 år frå offentleg kunngjering av vedtaket, jf. §15-2 § 15-3 i plan- og bygningslova.

Plankart

Planomtale

Saksprotokoll

Saksutgreiing

Plankart på web