Ny reguleringsplan for Galden nord, plan-id 2017004, opphevar fylgjande reguleringsplanar:

  • Galden nord plan-id 1987002
  • Galden nord – ballbane plan-id 2009010
  • Hillestad traktorservice – plan-id 2016005.


Hovudføremålet med den nye planen er å få eit oppdatert, digitalt plankart for heile området etter alle omreguleringar og dispensasjonar som er gitt tidlegare og  nye føresegner i samsvar med ny plan- og bygningslov.

Reguleringskartet er uendra i høve til planen som vart vedteken av kommunestyret i nov. 2019. I reguleringsføresegnene  er det gjort nokre endringar.

Planframlegget med tilhøyrande saksdokument kan sjåast  i papirformat på Servicetorget i Rådhuset, biblioteket i Gaupne og på Spar på Hafslo. Her er link til planen i kommunekart.com:

Har du merknader?
Merknader til planframlegget skal sendast til Luster kommune, Postboks 77, 6866 Gaupne, E-post: postmottak@luster.kommune.no eller på høyringsskjema, innan 17. august 2020.

Plandokument:

Handsaming: