Planområdet er avgrensa av den stipla linja i kartet. Endeleg planavgrensing vil avklarast i den vidare prosessen, då det er muleg at endeleg plan vil omfatte noko mindre areal. Planforslaget utarbeidast av Luster kommune.

Tungestølen kart parkeringsplass.png
Kart over planområdet. Planområdet er på ca. 50 daa. Endeleg planavgrensing og plassering av parkeringsføremål vil avklarast i den vidare prosessen.


Føremålet med planarbeidet
Luster kommune ser eit behov for å betre parkeringsstrukturen omkring Tungestølen turisthytte og området som innfallsport til Jostedalsbreen nasjonalpark. Då det tidvis er eit mykje brukt området, trengs ei regulert parkeringsløysning, både med tanke på grunneigarane sine interesser, besøkjande og naturen.

Planarbeidet har til hensikt å kanalisere trafikken i området og gjere det tydlegare kor det skal parkerast. Det skal leggjast til rette for ca. 50 - 75 bilar, med moglegheit for utviding av parkeringsarealet ved behov. I tillegg skal det leggjast til rette for parkering og snuplass for bussar, samt plassering av løysingar som er konfliktdempande med utøving av landbruksdrift (sommarbeite) i området.

Kommunen har tidlegare vore i dialog med grunneigarane i området, utan å lukkast med ei minneleg avtale om plassering av parkeringsareal. Kommunen ser det difor som nødvendig å setja i gong ein reguleringsplanprosess for å løyse parkeringsbehovet ved Tungestølen.

Har du innspel til planarbeidet?
Eventuelle kommentarar og merknadar til igangsetting av planarbeidet sendast skriftleg innan 5. oktober 2020 til Luster kommune, Postboks 77, 6866 Gaupne,

eller på e-post til postmottak@luster.kommune.no

eller på digitalt høyringsskjema

Merk innspelet med plannamn og skriv kva tilknyting du har til planområdet (grunneigar, nabo osb.).

Tilhøve til overordna og gjeldande planar
Planområdet er ikkje regulert tidlegare og ligg som landbruksområde (LNRF – område) i kommuneplanens arealdel 2019-2030.

Vidare saksgang
Etter at innspelfristen er gått ut, vil Luster kommune v/plan utarbeide eit planframlegg som skal handsamast i Plan- og forvaltningsstyret. Det vert i utgangspunktet ikkje sendt svar på innspel, men alle innspel vert kommentert i saksframlegget og ligg tilgjengeleg for politikarane, når planframlegget vert lagt fram for 1. gongs handsaming i Plan- og forvaltningsstyret.

Melding om offentleg ettersyn av planframlegget vert annonsert i Sogn avis. Planframlegget vert lagt ut til offentleg ettersyn i minst seks veker, de vil bli varsla ved brev også om dette. I denne perioden er det høve til å sende inn merknader til planframlegget før vidare politisk handsaming.

Aktuelt regelverk
• Melding om oppstart: Plan- og bygningslova § 12-8
• Plantype detaljregulering: Plan- og bygningslova § 12-3
• Handsaming av reguleringsplanframlegg: Plan- og bygningslova § 12-10