Utlegging til offentleg ettersyn

I samsvar med reglane i Plan- og bygningslova §§ 12-3 og 12-10, har det faste utvalet for plansaker i møte 26.03.2019 vedteke å leggja reguleringsplanen ut til offentleg ettersyn. Planframlegg med tilhøyrande saksdokument er lagt ut til ettersyn i tida frå 30.03-20.05.2019. Planen ligg i fysisk format i Servicetorget i Rådhuset og på biblioteket i Pyramiden, Gaupne.

Har du merknader?
Merknader til planframlegget skal sendast til Luster kommune, Rådhusvegen 1, 6868 Gaupne, E-post: postmottak@luster.kommune.no eller på høyringsskjema, innan 20. mai 2019.

Har du spørsmål?
Spørsmål knytta til planframlegget kan rettast til planleggjar Susanne Støyle Alsaker, tlf.: 57 68 55 89, E-post: ssa@luster.kommune.no

Plandokument:

Planomtale med føresegner

Plankart

ROS-analyse

Samandrag av innspel


Lenkje til kommunekart


Handsaming:

Saksframlegg

Saksprotokoll

 

Solvorn - melding om oppstart av reguleringsplanarbeid

Luster kommune melder med dette om oppstart av reguleringsplan arbeid for fylgjande område: Solvorn kaiområde og badeplass.

Frist for innspel er 15. oktober 2018.

I samsvar med reglane i § 12-8 i plan- og bygningslova og Luster kommune sitt planleggingsprogram vert det varsla oppstart av reguleringsarbeid for  Solvorn i Luster kommune. Planen har plan-ID 2018005.

Det aktuelle reguleringsområdet er på ca. 14 daa  inkludert sjø, sjå kartutsnittet under. Området er tidlegare regulert i plan frå 1995. Planområdet er i samsvar med gjeldande kommuneplan. Hovudformål med omreguleringa er å utvide badeplassen, sikre tilkomsten til friområdet og bruk av kaiområdet. Aktuelle reguleringsføremål i planen er bygg og anlegg (bustadhus, offentleg toalett, naust), anlegg for samferdsle og teknisk infrastruktur, grønstruktur (friområde), bruk og vern av sjø og vassdrag, med tilhøyrande strandsone jf. § 12-5 i plan- og bygningslova. I tillegg omfattar planområdet omsynssona bevaring av kulturmiljø etter pbl. jf. §§ 11-8 og 12-6.

Solvorn Kart-heimeside-oppstart.jpg

Spørsmål om planarbeidet kan rettast til Luster kommune, v/planleggjar Susanne Støyle Alsaker, tlf. 57685589, e-post: ssa@luster.kommune.no

 

Eventuelle innspel og/eller merknader kan sendast Luster kommune v/plan, Rådhusvegen 1, 6868 Gaupne, innan 15. oktober 2018.