Under storviltjakta i Luster kommune i 2020 vart det felt 614 hjort. Av desse var 85 hannkalv, 100 hokalv, 93 spissbukk, 82 åringskolle, 126 bukk og 128 koller.

Dette er det nest høgste fellingstalet å hjort i Luster kommune.

hjort - skote pr år - 2020.png

Sett hjort registreringa syner at tal hjort stig iforhold til 2018. Men det er ikkje så mykje hjort sett som i 2017 som var eit toppår. For meir informasjon/statistikk sjå www.hjorteviltregisteret.no.

hjort- observerte dyr 2020.png

Me vil takka jegerane for god innsamling av data. Spesielt kjekt å sjå at stadig fleire legg inn vekt på hjort i registeret. Dette er eit svært viktig verktøy for forvaltninga vidare.

Aldersanalyse av hjort er på veg, og resultat av denne blir sendt ut til valdleiarar.