• All utlevering - sal og skjenking av alkoholhaldige drikk krev løyve av kommunen.
  • Generelle løyve vil gjelda ut kommunestyreperioden (inntil 4 år).
  • Det kan òg gjevast løyve til enkelthøve.
  • Ved kvart løyve skal det peikast ut styrar og reservestyrar som får hovudansvaret med omsetninga
  • Styrar/reservestyrar skal godkjennast av kommunen og vere kvalifiserte til å drive med sal/skjenking av alkohol. (Bestå etablerarprøve)
  • Vedlegg som skal fylgja søknaden: Firmaattest, skatteattest, skisse over sals/skjenkereal og dokumentasjon på kvalifikasjon/kunnskap.
  • Søknader blir handsama individuelt.
  • Formannskapet gir generelt løyve. Administrasjonen kan avgjere mindre saker (endringar, skjenkeløyve for eit enkelt høve.)
  • Statsforvaltaren er klageinstans.