A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Seigryte med ris

6.klassingane laga middag i mat og helse i dag, og det var seigryte med ris som sto på menyen.

Seigryte med ris
Seigryte med ris
Dette var godt!
Dette var godt!

Matlaging er alltid kjekt, og i dag delte me som vanleg inn i tre grupper. To av gruppene laga hovudretten, og den tredje gruppa laga sjokoladekake til dessert.

Matlaging tek litt tid veit me, men det var ikkje vanskeleg å lage dagens rett. No håpar me det blir mange fiskemiddagar rundt om i heimane òg, og denne retten tykte elevane godt om! Me lærte at me ikkje skal koke fisk - berre trekke han i ca 5 min (då hadde me kutta han i terningar).

Sjokoladekaka gjekk så raskt unna at me ikke eingong fekk bilete av ho - men ho var fantastisk flott! Nydeleg med eple på toppen. Ikkje berre sjetteklassingane fekk, men heile storskulen fekk smake, både fisk og kake :)

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS