Plasstilbod:
Heil plass: alle morgonar og alle ettermiddagar.
Halv plass: morgon og ettermiddag 2 dagar ei veke og 3 dagar neste veke.
Morgonplass: alle morgonar.
Ettermiddagsplass: alle ettermiddagar.
Skuleferie: Dagtilbod.

 

Betalingssatsar for SFO, gjeldande frå 01.01.2020:

 

Pris

Timesats

32,-

Dagsats /SFO sommarferie.

273,-

Reduksjon pga leksehjelp

25

«Omfanget» av gratis leksehjelp vert fastsett for vår- og hausthalvåret.
Det vert gitt søskenmoderasjon på 25 %.

Døme på pris: 

  • Skjolden heil plass 21 t/v= 84 t/mnd som vert kr 2688 pr mnd.
  • Indre Hafslo heil plass 18t/v: = 72 t/mnd som vert kr 2304  pr mnd.
  • Luster oppvekstsenter: 20 t/v= 80 t/mnd som vert kr 2560 pr mnd. 

Skuleferiar i skuleåret: 

  • Føresette betalar ekstra for timane borna er på SFO utover tilbodet dei ordinært er påmelde til.

Sommarferie: 

  • Dagsats for SFO-tilbodet i Hafslo og Gaupne.  

Foreldrebetalinga for eit heiltidstilbod i SFO på 1.–2. trinn skal maksimalt  utgjere 6 pst. av den samla person- og kapitalinntekta til hushaldet. Det skal gjevast gratis SFO for elevar på 5.–7. trinn med særskilde behov frå hausten 2020. Inntektsgrensa er den samma som for foreldrebetaling, 548.500 frå 1. aug 2019.