A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Siste veka før skuleslutt

Me er på veg inn i siste veka før velfortent ferie for elevane og lærarane og her er litt informasjon.

På onsdag den 14.juni har me sommarfest for heile oppvekstsenteret. Den startar kl.18.00.

På torsdag vert det fjelltur der me skal gå frå Krossen og tilbake til skulen gjennom Øvre Li. Den turen kan foreldre og besteforeldre vere med på.

Fredag er det siste skuledag og me sluttar kl.12.00. Då kjem bussane og fraktar heim dei som har rett på skuleskyss. SFO er open til vanleg tid.  

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS