Undersøkinga er ein del av oppfølginga av vassforskrifta, og blir gjort saman med Luster kommune og fleire andre kommunar i Vestland fylke gjennom samarbeidet i vassområda.

Det er konsulentselskapet NORCE (Laboratorium for ferskvannsøkologi og innlandsfiske) som skal utføre oppdraget. I felt skal dei registrere botnsubstrat, skjulforhold, gyteområde, elvemorfologi, vandringshindre, kantvegetasjon m.m. I tillegg skal det utførast elfiske og i enkelte elver skal det også takast botndyrprøver. Undersøkingane er planlagt utført i løpet av seinsommaren og hausten 2020.

Grunneigarar og lag og organisasjonar kan søkje om midlar til tiltak som konsulenten føreslår for å betra tilstanden for sjøauren. For meir informasjon ta kontakt med vassområdekoordinator Christian E. Pettersen på e-post christian.engebretsen.pettersen@vlfk.no eller telefon 476 39 165).

 

Elfiske Hafslovatnet (16).jpg

Elfiske Hafslovatnet

 

 

Prestesteinsvannet17sep2010 285.jpg

Prestesteinsvatnet