Resultatet gir kunnskap som kan legge til rette for betre tilbod, og blir viktige verktøy i arbeidet med å skape gode lokalsamfunn og nærmiljø.

Invitasjonane til å delta i undersøkinga blir sendt ut med e-post til alle med folkeregistrert adresse i Luster kommune og resten av Vestland som har barn i alderen 3 til og med 17 år. Dei føresette blir spurde om barn og unge si fritid,  si eiga rolle, og om medievanar dei har. Spørjeskjemaet vil ta om lag 15 minutt å svare på.

Kvifor er undersøkinga viktig?

Resultata frå undersøkinga vil gje eit godt kunnskapsgrunnlag for kommunen, institusjonar og organisasjonar innan kultur, idrett og friluftsliv.

Undersøkinga vil vere relevant for folkehelsearbeidet, drift og planlegging innan kommunen sine ansvarsområde som samfunnsutvikling, oppvekst, helse, velferd og kultur.

Barnefamiliepanelet

Deltakarane i undersøkinga blir ein del av Vestland sitt barnefamiliepanel. I Bergen kommune har barnefamiliepanelet gått i tre omgangar sidan 2019. I år er undersøkinga for første gang utvida til å dekke alle kommunane i Vestland fylke.

Meir info

Vil du vite meir om undersøkinga og barnefamiliepanelet sjå vlfk.no/barnefamilie