Bygdelaget har teke utgangspunkt i bygdas ressursar og historie, og legg på ein god måte til rette for trivsel og næringsutvikling. Det skriv hovudutvalet for plan og samfunn i grunngjevinga

– Attraktive

Grunngjevinga legg vekt på at bygda står fram som attraktiv både for tilreisande og fastbuande, og at bygdelaget stadig tek nye initiativ og tenkjer nytt. Dei samarbeider med andre lag og organisasjonar, som idrettslag, 4H, skule og kommune.

Mange tiltak

Nokre av tiltaka Bygdelaget har jobba med:
-              Fjordstova, med symjebasseng, bibliotek, gymsal/kultursal, kafé, turistinformasjon og utstilling om Breheimen nasjonalpark.
-              Kulturdagane på Skjolden, som eit årleg arrangement.
-              Film om historisk bruk av stølsområda i Mørkringsdalen Landskapsvernområde.
-              Opparbeiding av badestrand
-              Turstiar med utgangspunkt i kaiområdet i Skjolden og Vassbakken kro og camping 

– Bydelaget sitt vedvarande engasjement bidreg til optimisme, skaparkraft og bulyst innerst i Sognefjorden og dei er såleis ein verdig vinnar av fylkesprisen Idérike bygdesamfunn, skriv hovudutvalet i grunngjevinga.

Prisen vert delt ut på fylkestinget 9. desember.

Me gratulerer Skjolden bygdelag med prisen!