Skjolden oppvekstsenter ligg på ei høgde rett over sentrum av Skjolden med flott utsyn utover Lustrafjorden. Oppvekstsenteret har kort veg til Fjordstova med symjebasseng, gymsal og klatrevegg, og eit stort og variert uteområde med hinderløype, ballbinge, grusbane og tennisbane. Naturen og nærmiljøet er ein viktig del av kvardagen vår, både i barnehagen og på skulen.
Skjolden oppvekstsenter er eit lite og inkluderande oppvekstmiljø der barn, føresette og tilsette kjenner kvarandre godt. Me legg vekt på trygge relasjonar, samarbeid på tvers av alder og avdelingar, og å sjå den enkelte. Visjonen vår er «Rom for alle, blikk for den enkelte».
Det er positiv utvikling i barnetalet i krinsen. Skulen har pr no 24 elevar på 1.-6.trinn, og barnehagen har 19 barn, men kapasitet på inntil 36 plassar. Dette året er det 17 tilsette fordelte på om lag 11 årsverk. Barnehagen vart i 2026 bygd om og utvida med nye og moderne lokale, mellom anna nytt personalrom, nye garderobar, nytt kontor og eige vognskur.
Både skulen og barnehagen brukar nærmiljøet aktivt som læringsarena. Friluftsliv, lokalhistorie og naturglede står sentralt i arbeidet vårt.
Ved Skjolden oppvekstsenter får barna vekse opp i eit oversiktleg, trygt og aktivt læringsmiljø med nær kontakt mellom heim og oppvekstsenter.
Opningstider: