Skulen (1.-4. trinn) og SFO opna måndag 27. april i samsvar med råd frå styresmaktene. Samla opningstid i SFO og 1.-4. trinn vert inntil vidare (27. april - 22. mai) kl. 08.00 – 15.30. Den reduserte opningstida i SFO er for betre å kunne handtera råda i smittevern-rettleiaren frå styresmaktene og for å kunne ha ei forsvarleg bemanning.  

Skulen (5.-10. trinn) opnar frå og med måndag 11. mai. Skulane i Luster har ulike føresetnader å ta omsyn til når dei skal syta for opning att, og difor opnar skulane til ulike dagar komande veke:
Måndag 11. mai: 5.-7. trinn ved oppvekstsentra og ved Gaupne skule, 10. trinn Luster ungdomsskule
Tysdag 12. mai: 5.-10. trinn Hafslo barne- og ungdomsskule
Onsdag 13. mai: 8. trinn Luster ungdomsskule
Torsdag 14. mai: 9. trinn Luster ungdomsskule


Skulane har organisert opninga i samsvar med føringane i smittevernsrettleiaren frå styresmaktene. Kvar skule vil elles senda ut informasjon til føresette om dei ordningane som gjeld spesifikt for deira barn/skule.

I særskilde høve (barn av foreldre med kritisk samfunnsfunksjon og barn med særskilde behov) vil det gjerast unnatak frå kjernetida på 7,5 timar.  Dette kan til dømes gjelda føresette i helse og omsorgsektoren eller andre samfunnskritiske yrke. Her må det vera god dialog mellom skulen og dei føresette om praktiske løysingar. Dei vanlege kriteria gjeld:

  • barnet ska vera under 12 år
  • det er tilstrekkeleg at ein føresett arbeider i kritisk samfunnsfunksjon for å få tilbod
  • det finst ikkje andre mulegheiter for barnepass
  • arbeidsgjevar må på førespurnad kunne stadfesta at føresette er personell i kritisk samfunnsfunksjon og/eller har verksemdkritisk oppgåve

Skuleskyss

Fylkeskommunen har informert kommunen om at skuleskyssen vil gå med utgangspunkt i ordinære start- og sluttider, og med den kapasiteten som var før 13. mars. Det vil ikkje bli sett inn ekstra materiell. Dette medfører at det på enkelte avgangar/strekningar ikkje vil vere tilstrekkeleg kapasitet til at alle elever med rett til skuleskyss får transport til og frå skulen. I samsvar med nasjonale retningslinjer ber Fylkeskommunen om at alle som har moglegheit til å unngå bruk av kollektivtransport og tilrettelagt skuleskyss med drosje for å kome seg til skulen, om å gjere dette. Til dømes vil kommunen oppmoda om at eldre elevar busett på Galden og Hestnes nyttar sykkelvegen til skulen til dess skysskapasiteten er normalisert. 

Me viser elles til meir informasjon på koronasida under avsnittet Opning av SFO og skule (1.-4. trinn 27. april) (5.-10. trinn – 11.-14. mai)