A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Skuleåret 2020/2021

No er me godt i gang med eit nytt skuleår. og for 10.klasse blir det litt nytt ein skal forhalde seg til.

I mars var de elevar på hospitering på Sogndal vgs. I 10.klasse har ein hospitering i veke 44 og ein kan då og velje andre skular enn Sogndal. Me ventar på svar frå fylket og fylkeslegen i forhold til om ein kan arrangere hospitering slik ein har gjort tidlegare. Så info om hospitering og skjema for val av studieprogram kjem seinare. Tenkjer de at de vil hospitere andre stadar, ta kontakt så sjekkar me opp om det let seg gjere.
Ordinær søknad til vgs er 1.mars. Før den tid skal me gå gjennom dei ulike studieprogramma, ha samtalar om interesser og moglegheiter.
Datoane for skriftleg eksamen er komne og 12.mai 2021 kl 09.00 får ein vite om det vert norsk, engelsk eller matematikk.
På heimesida til Vestland fylkeskommune finn ein informasjon om søknadsprosessen, vidaregåande skular i Vestland mm.
Ta kontakt om de er noko de lurer på i forhold til vgs eller/og eksamen.
Mona (tlf 99722349/epost: mona.kristin.bukve@luster.kommune.no)
Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS