A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
skulestart

Skulestart på Hafslo!

Skuleåret starta med ei flott samling i Samfunnsbygget med spente elevar, foreldre, personalet og ikkje minst ein kjempespent rektor. 212 elevar, 53 ansatte og 2 skular å vere "sjef" for, er noko eg gler meg til å jobbe med. På opninga hadde me musikalsk underhaldning av dyktige Norill Terese Norheim og Henning Lad. 1. klassingane blei presenterte og rektor blei opplært i PALS. Me hadde allsang med "Blåbærturen" og som avslutning på programmet blei ein og ein klasse presentert i lag med kontaktlæraren sin. Ein flott start på eit nytt skuleår med ny skule!

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS