Av desse er 2 personar 1. gongsvaksinerte for meir enn 3 veker sidan. 4 er uvaksinerte. 

Me har 46 nærkontakter. Av disse er 30 i karantene og kommunen held på å kontakte dei øvrige nærkontaktane. 

Erfaring no i smitteutbrotet syner at negativ hurtigtest ikkje er nokon garanti for at du ikkje er smitta. Anna test har vist smitte.

Me tilrår at alle viser ekstra smitteomsyn i dei komande vekene for å få smitteutbrotet til å døy ut.

Me oppdmodar ungdom om å vere ekstra varsame dei neste 10-14 dagar, og om at ein avgrensar sosial omgang og festing.

Dette er eit stort ansvar å legge på dei unge no i sumardagane, men me håper at det vil kunne hindre at me får eit større utbrot, slik at sumaren kan kome attende til vanleg.

Fleire fullvaksinerte er smitta, me ber difor om ekstra varsemd hjå fullvaksinerte. Me oppfordrar til og håpar på at fullvaksinerte går i frivillig karantene om dei er nærkontakt til smitta. Sjølv om det er på tvers av noverande nasjonale retningslinjer. Me meiner likevel dette er viktig for å hindre eit større utbrot.

HALD AVSTAND

VASK/SPRIT HENDER

TEST DEG OM DU ER NÆRKONTAKT TIL SMITTA, ELLER FÅR SYMPTOM

GÅ I ISOLASJON VED POSITIV TEST

Om alle i Sogndal og Luster gjer ein ekstra innsats no, har me stor tru på å stoppe utbrotet slik at  me alle kan kome attende til kvardagen att. 

Ny informasjon vil bli lagt ut i løpet av morgondagen når me får nye prøvesvar frå Førde.