Råda nedanfor gjeld vaksinerte bebuarar som 1-2 veker etter andre dose har oppnådd optimal beskyttelse. Også i sjukeheimar bør ein følje råda for kommunale omsorgsinstitusjoner:

  • ved besøk hjå nokon uvaksinerte bebuarar. Kva uvaksinerte bebuarar dette kan gjelde, er nærare beskrive i Råd til sjukeheim.
  • ved besøk hjå bebuarar med mistenkt, sannsynlig eller bekrefta covid-19
  • når personar med luftvegssymptom eller i karantene unntaksvis får kome på besøk

For å avgrense smitte i samband med besøk, bør tilsette få opplæring i smittevern og vere kjent med råda nedanfor. Tilsette bør informere bebuarar og pårørende om at det er betydelig mindre risiko for covid-19 etter vaksinasjon, men at covid-19 ikkje vil forhindrast i alle tilfelle då vaksina ikkje alltid gjer full beskyttelse.

Vurder å avklare besøk i førevegen om det er fare for at mange besøkande kjem samtidig, slik at det blir vanskeleg å overhalde råd om avstand.

Generelle smittevernråd ved besøk i sjukeheim

Ved ankomst til sjukeheimen

  • Tilsette i institusjonen bør avklare smittestatus for dei besøkande 
    • Pårørande eller andre som er sansyneleg eller bekrefta med covid-19, kan i henhald til covid-19-forskrifta ikkje kome på besøk i institusjonen.
    • Pårørande eller andre som har luftvegssymptom eller er i karantene, skal som hovudregel ikkje kome på besøk, men unntak kan i nokre tilfeller vurderast. For meir informasjon sjå Helsedirektoratets anbefalingar for vurdering av besøk. Ved unntak må ein følge smittevernråda i avsnittet «Råd når personar med luftvegssymptom eller i karantene unntaksvis får kome på besøk»
  • Institusjonen bør halde oversikt over besøkande, slik at smittesporing kan gjennomføras på ein effektiv måte om smitte vert oppdaga hjå bebuarar, besøkande eller tilsette. Det er frivillig for besøkande å oppgje personopplysninger for smittesporingsformål. Opplysningane kan ikkje lagrast lenger enn nødvendig. For smittesporingsføremål er det 10 dagar.
  • Besøkande må førebuast på gjeldande rutiner og smittevernråda føljast.
  • Det er viktig at alle besøkande utfører handhygiene ved ankomst, også ved besøk utandørs. 

Under besøk i sjukeheimen

  • Besøkande bør halde minst 1 meters avstand til den dei besøker, tilsette og andre bebuarar enn den dei besøker. Vi anbefaler i tillegg at besøkende bruker munnbind. Unntak:
    • Vaksinerte bebuarar kan ha nærkontakt med eit avgrensa anntal uvaksinerte besøkande, og dei same over tid. Anntal besøkande bør ikkje vere fleire enn nasjonale, eventuelt kommunale, bestemmelsar tilseir. Bebuarane bør sjølv bestemme kven som er deira næraste.
    • Om både den besøkande og bebuaren er vaksinert, kan dei ha nærkontakt. Nærkontakt med vaksinerte besøkande, kjem i tillegg til dei uvaksinerte besøkande bebuaren sjølv har definert som sine næraste.
  • Besøk kan skje i fellesareal, men om det blir vanskeleg å overhalde gjeldande råd om avstand, bør besøket skje på bebuarens rom.
  • Nasjonale, eventuelt lokale, anbefalingar eller bestemmelsar for tal besøkande bør føljast. Om konkrete anbefalingar ikkje føreligg, bør tal besøkande ikkje vere høgare enn at anbefala avstand (minst 1 meter) og øvrige smittevernråd kan føljast.
  • Beboere kan ta imot gaver, blomster og lignende. Det er ikke behov for spesielle forholdsregler, men viktig å følge generelle råd for håndhygiene, da dette vil forebygge indirekte kontaktsmitte.
  • Om besøkande har med mat, bør alle utføre handhygiene før maten serverast og inntakast. Besøkande skal ikkje nytte kjøken i institusjonen.
  • Alle felles berøringspunkt i rommet der besøket føregår (f.eks. dørhandtak, armlene, brytarar, toalett), bør reingjerast eller desinfiserast fleire gonger dagleg.

Bebuarar på besøk utanfor sjukeheim

Bebuarar i kommunale helse- og omsorgsinstitusjonar har ingen juridiske restriksjonar med omsyn til besøk ut av institusjonen, med mindre det er fatta iet tvangsvedtak. Vaksinerte bebuarar som skal på besøk utanfor sjukeheimen, bør følje gjeldande forskrifter, samt nasjonale og lokale smittevernråd.

Tenester og besøk av eksterne aktørar i sjukeheim

For vaksinerte bebuarar i sjukeheim, bør det leggast til rette for tenester som er viktige for deira fysiske eller mentale helsetilstand. Tenestene eller tilboda må gjennomførast i tråd med gjeldande forskrifter, nasjonale smittevernråd, smittevernrutinar i institusjonen og rettlaiarar for tenesta.

Krava til tenesteytande personell står i covid-19-forskrifta.

For helsepersonell som utfører tenester i institusjonen (f.eks. fotterapeutar og fysioterapeutar) gjeld smittevernfaglege råd for helsepersonell med éin-til-éin kontakt, i tillegg til institusjonens eigne smittevernrutinar.

Frisørverksemd og lignande som ikkje er helseteneste må gjennomførast i tråd med smittevernråd for verksemder med éin-til-éin-kontakt.

For meir informasjon til hjelp i vurderingar rundt besøk av eksterne aktørar sjå rettleiar for besøk fra Helsedirektoratet.

Omsorgstenesta i Luster 

Omsorgssenter

Gruppe/avdeling

Telefonnummer

Luster omsorgssenter

Gruppe 1, 2, 3, 4

57682534 / 57682522

 

Heimetenesta/eldresenteret

57682513

Gaupne omsorgssenter

Gruppe 1 og eldresenter

57685703

 

Gruppe 2 og 3

57685710 / 57685717

 

Korttidsavdelinga (KA)

57685711 / 57685718

Hafslo omsorgssenter

Blå og rosa gruppe

57685815 / 57685816

 

Eldresenter

57685812

Grandmo

 

95047340