Grusing:

  • Grusing av desse vegane ca. kvart 5 år, eller etter behov.

​Salting:

  • Salting av grusvegane vert gjort kvar vår og må utførast på den tida vegane er fuktige, vanlegvis rundt påske. Dersom vegane vert tørre utover sommaren, er det aktuelt med ettersalting.

Oppattpussing av strøsand:

  • Oppattpussing av strøsand på vegar og plassar bør vera ferdig 1. mai og skal vera ferdig før 17. mai. Dette er avhengig av når det er bart.

Kantklypping:

  • Kantklypping på kommunale vegar (unanteke bustadfelt) vert gjort kvart år frå 15. juni og utover sommaren.