Kari.jpg

Kven er Kommune-Kari?

Luster kommune sin chatbot eller -robot

(Chat = nettprat og -bot som i robot)

Eigentleg er ho eit dataprogram som hjelper deg å finna informasjon om kommunen sine tenester.

Kari er «tilsett» i over norske 70 kommunar.

Kari finn du på Luster kommune si heimeside, www.luster.kommune.no (det hender ho blir borte, men ho kjem snart att).

 

Kva gjer Kari?

Du trykker på Kari og skriv spørsmålet ditt.

Ho hentar informasjonen du treng om tenesta du spør om – generelt om kven som har rett på den, osv, og kommunen sin informasjon på heimesida (reglar, prisar, søknadsskjema). Ho hjelper deg heile døgnet, 7 dagar i veka.

Du kan spørje Kari om kva du vil, men ho svarar helst på kommunale tenester. Gjeld det ikkje ei kommunal teneste kan ho kanskje hjelpe deg vidare med kven du skal kontakte.

 

Korleis finn Kari svar på spørsmålet mitt?

Kari leitar etter ord i spørsmålet ditt som er likt eit søkeord i ordlista hennar, og hentar informasjon om den tenesta som søkeordet er knytt til. Viss ho ikkje er sikker på kva du meiner, gir ho deg alternativ.

 

Kvifor skjønar ikkje Kari spørsmålet mitt?

Kommunen sine tenester er mange og ulike, og Kari skal skjøne fleire måtar å omtale kvar av dei på. Dette blir veldig mange ord som Kari må ha i sitt register for å få rett treff, og mange svaralternativ. Kari er ikkje ein søkemotor og kan ikkje leite på heimesida eller andre stader, ho må ha lenke til svara ho hentar.  Nokon gonger skjønar ho ikkje, eller ho svarar på noko heilt anna, sjølv om du spør om noko som står på heimesida. Då er det berre å spørje ein gong til, med andre/færre ord. Det er sikrast å få rett svar viss du berre skriv ordet på tenesta du har spørsmål, td. byggjesak, brøyting, heimehjelp.

 

Kvifor snakkar Kari bokmål?

Kari skal snakke nynorsk, men svara hennar er omsette frå bokmål, og det finst svar-«bobler» som ikkje er omsette enno. Leverandøren må ordne dette.

 

Kva kan ikkje Kari svare på?

Ho har ikkje tilgang på informasjon om når du får svar på byggjesøknaden din eller om når kommunen er ferdig med gravearbeidet sitt. Ho kjenner ikkje til stadnamn og lokale omgrep viss ikkje dette er ord som ho har i ordlista si.

Ei søkbar telefonliste er under utarbeiding.

 

Blir Kari flinkare etter kvart?

Gje gjerne Kari tilbakemelding på svaret med tommel opp eller ned (du kan også skrive kommentar). Når me ser noko ho burde ha svara betre på, melder me dette til leverandøren. Det gjer også dei andre kommunane Kari er "tilsett" i. Slik lærer Kari noko nytt kvar dag.