Kvifor ei spørjeundersøking?
Bakgrunnen for spørjeundersøkinga er at det i over eitt år har vore ein annan matpraksis i barnehagen enn det som var vanleg før koronapandemien råka landet i fjor vinter. Gjennom koronapandemien har det vore eit redusert mattilbod i barnehagane, dvs. servering av mjølk og frukt og av og til noko meir. Barna har elles hatt med seg matpakke, ei ordning som vart vedteken å gjelda fram til haustferien.

Med såpass stor endring i matpraksis det siste året er det høveleg å stogga opp og høyra kva refleksjonar heimane har gjort seg om matservering, om matpakke og måltid elles i barnehagen. Kva erfaringar om matpraksisen har føresette før og etter pandemien mars 2020? Og kva synspunkt og innspel har føresette til framtidig matordning i barnehagen? 

Mat og måltid er eit sentralt tema i barnehage–heim-samarbeidet. For kommunen som barnehageeigar er det difor viktig å få vita kva foreldre meiner og føretrekk når det gjeld matpraksisen i barnehagane, og om det er noko som eventuelt bør justerast.


Om matpengar i barnehagen
Spørjeundersøkinga har også nokre spørsmål om matpengar. Forskrift om foreldrebetaling i barnehagar seier at betaling for kost kan kome i tillegg til maksimalgrense for foreldrebetaling. For kalenderåret 2020 vedtok kommunetyret i Luster at matpengar i barnehagen skulle vera kr 340 per månad for full barnehageplass, kr 290 for 80 % plass og kr 225 for 60 % plass. Dette er noko over landssnittet. 

Matpengar skal dekka barnehagen sine faktiske kostnader til måltida (sjølvkost). Betaling for mat skal ikkje vera på eit slikt nivå at barnehageeigar tener på dette. Dersom barnehagen har tilsett ein kjøkenassistent, kan utgiftene til løn som gjeld arbeidet med barnehagemåltida takast med i utrekninga dei faktiske matutgiftene. Per i dag er det ikkje tilsett kjøkenassistent i nokon av barnehagane i Luster.  

 
Kva seier rammeplanen om mat og måltid i barnehagen?
Rammeplanen er eit nasjonalt styringsdokument som gjev føringar for innhaldet i barnehagen. Kva seier så rammeplanen om mat og måltid?  I kapittel 1 om barnehagen sitt verdigrunnlag er det løfta fram at: «Måltid og matlaging i barnehagen skal gje barna eit grunnlag for å utvikle matglede og sunne helsevaner.» 

I kapittel 9 under fagområdet "Kropp, rørsle, mat og helse" er det vidare spesifisert at barnehagen skal leggja til rette for at barna opplever matglede og matkultur, og at gjennom medverknad i mat- og måltidsaktiviteter skal barna motiverast til å ete sunn mat. Det er også lagt vekt på at personalet skal leggja til rette for at måltider og matlaging bidreg til måltidsglede, deltaking, samtalar og fellesskapskjensle hjå barna.   
 

Tilrådingar frå Helsedirektoratet om mat og måltid i barnehagen

 

Prosessen vidare
Resultatet frå spørjeundersøkinga vil vera ein temperaturmålar på om det er ønskeleg frå foreldrehald å gjera justeringar når det gjeld matpraksis i barnehagane. Vidare vil resultata frå spørjeundersøkinga vera ein viktig del av grunnlaget når temaet måltid og matordning i barnehagen vert diskutert i FAU og SU i dei einskilde barnehagane dei komande vekene.

Dersom signalet frå samarbeidsutvala er at det er ønskeleg med ei større endring av matpraksis, må saka eventuelt takast opp politisk og avgjerast i kommunestyret som er formell barnehageeigar.