Manntallet er ei oversikt over alle som har stemmerett i ein kommune. For å kunne stemme må du stå innført i manntalet.

Veljarar busett i Norge blir automatisk innført i manntalet i den kommunen der dei er registrert i folkeregisteret som busett pr. 30. juni i valåret.

Flyttar du til en anna kommune etter 30. juni, er du framleis registrert i manntalet og har stemmerett i den kommunen du flytta frå sjølv om du melder flytting.

Stemmerett

Du har stemmerett dersom du er:

  • Norsk statsborgar

  • Har fylt 18 år innan utgangen av 2021

  • Er, eller har vore, registrert i folkeregisteret som busett i Norge

Bur du i utlandet?

Er du busett i utlandet, men har vore registrert i folkeregisteret som busett i Norge i løpet av dei siste 10 åra, blir du automatisk innført i manntalet i den kommunen der du var registrert som busett då du flytta frå Norge.

Dersom du ikkje har vore registrert busett i Norge dei siste 10 åra, må du søke din siste bustadkommune om å bli ført inn i manntalet. Dersom du aldri har vore folkeregisterført som busett i Norge, skal du søke til Oslo kommune.

Du søker ved å skrive under på omslagskonvolutten som blir brukt ved førehandsstemming utanriks, eller du kan søkje på skjema nedanfor samtidig som du stemmer. Søknaden må innehalde ei erklæring om at du framleis er norsk statsborgar. Frist, kl. 17.00 dagen etter valdagen.
 

Klage på manntalet
Dersom du meiner at du sjølv eller nokon annan urett er blitt innført eller utelatt frå manntalet i kommunen, kan du krevje at feilen blir retta opp.
Kravet skal vere skriftleg og grunngjeve, og sendast til: Luster kommune, valstyret, Postboks 77, 6866 Gaupne.
Sjå vallova § 2-7.