Stabsleiar service og driftsstøtte:

I stillinga ligg leiing og overordna fag-, personal- og budsjettansvar for om lag 20 medarbeidarar i avdelingane servicetorg, personal, IKT og økonomi. Oppfølging og utvikling av økonomistyringa vil vere ei prioritert oppgåve og det er ynskjeleg med god og relevant kompetanse innan dette område.

Stabsleiar forvaltning og utvikling:

I stillinga ligg leiing og overordna fag-, personal- og budsjettansvar for om lag 20 medarbeidarar i avdelingane næring, landbruk og naturforvaltning, plan, kultur og eigedom. Oppfølging av oppgåvene innan landbruk og naturforvaltning og plan vil vere prioritert og det er ynskjeleg med landbruksfagleg og/eller planfagleg utdanning.  

For begge stillingane vil det vil bli lagt vekt på gode leiareigenskapar og relevant kommunal erfaring.

Lenkje til organisasjonskart for rådhuset

Meir informasjon om stillingane og lenkje til søknadsskjema finn du her.

Nærare opplysningar:

Ta gjerne kontakt med  rådmann Jarle Skartun på tlf. 57 68 55 03/918 66 005 eller e-post jarle.skartun@luster.kommune.no for fleire opplysningar om stillingane.

Søknadsfrist:  13. mai 2018.