Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
error_outline
05. mars kl. 10:12

Informasjon om Koronaviruset

Les meir... clear
Illustrasjonsbilete

Illustrasjonsbilete

Status koronavaksinering

Luster kommune har no sett 470 vaksinedosar.
Vi manglar 5 dosar på å dekke alle i aldersgruppa 85+. Alle pasientar på omsorgssentra våre er no fullvaksinerte.
I veke 9 vil vi få 54 dosar til 2. dose (Pfizer) og 100 dosar AstraZenica som går til helsepersonell.
I veke 10 vil vi få 114 dosar med Pfizer vaksine, 60 av desse går til 2. dose, 54 dosar går til resten av gruppa 85+ og så startar vi på gruppa 75+. Her har vi ca 400 innbyggjarar.
På grunn av små leveransar av vaksinar fortset vi med vaksinering på Helsestasjonen inntil vidare. Vi føl prioriteringsreglane som gjeld nasjonalt.

Pfizer vaksine (2 dosar med 21 dagar i mellom) skal brukast til dei over 65år og dei i aldersgruppa  18-64 år med alvorlege tilstandar. AstraZenica (2 dosar med 9-12 veker i mellom) skal brukast til dei andre.