A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Stova - 969 46 759

Matordning i barnehagen

Vanleg matordning i barnehagen etter haustferien

Ordninga med matpakke i barnehagane varar til og med haustferien. Frå og med 18. oktober går barnehagane i Luster attende til vanleg ordning med matservering slik det var før pandemien.

Spørjeundersøking om mat og måltid i barnehagen

Det var god oppslutnad om spørjeundersøkinga blant føresette om matpraksis og måltid i barnehagen.

Til saman kom det inn 184 svar. I spørjeundersøkinga fekk føresette uttala seg om matpraksis før og under koronapandemien, og kva dei synest bør vera permanent ordning frametter.

Kort oppsummert  var eit fleirtal av føresette sånn passe eller mindre nøgd med matpakkeordninga som har vore i barnehagen fram til no. Når det gjeld permanent matordning i barnehagen er det meir nyansert, men eit stort fleirtal kryssa av for alternativet om at «Barnehagen serverer brødmat kvar dag og varm mat innimellom»,
det vil seia matordninga slik den var før pandemien. Majoriteten av føresette har også kryssa av på at nivået på matpengane er ok høge.


Elles kom det inn mange konkrete innspel og kommentarar til både matpengar, matordning og måltid, som vert teke med vidare i det interne arbeidet.


Knut Åge Teigen
Kommunalsjef oppvekst
Luster kommune

2021-10-06

Informasjon om COS-kurs - Oppstart 23.09.2020

Til føresette.
Mange foreldre tykkjer det kan vere utfordrande å gje barna sine tryggleik og god ein oppvekst. Foreldrerettleiingskurset Circle of Security (COS), tryggheitssirkelen, skal gje dykk som foreldre verktøy til å forstå bedre kva behov barn har, kva signal dei gjev og kva vi kan gjere for å møte desse behova betre. Ein treng ikkje ha ekstra utfordringar for å ha nytte av kurset, kurset er nyttig for dei fleste av oss.

 

Målet med kurset
Målet er at barnet ditt skal få hjelp til å kjenne seg trygg og på den måten stå sterkare rusta til å møte utfordringar vi møter i livet. Kurset kan også bidra til eit godt samspel mellom deg og barna dine.

 

2020-09-02
Barnehagestart bilete

Nytt frå barnehagestart ; Måndag 17.08.2020

Velkommen til nytt barnehageår 2020 / 2021

COVID - 19
Me starter opp nytt barnehageår med tilpasningar når det gjeld smittevern på «gult nivå».
Dette betyr mellom anna at me framleis skal ha sterkt fokus på hygiene, me skal unngå klemming og håndhelsing og me skal tenkje avstand.
Dette i samband med levering og henting i garderoben på avdelingane. Me ynskjer at det ikkje skal vera meir enn 2 familiar inne i garderoben

til ei kvar tid. Me ynskjer at søsken IKKJE vert med inn på avdelinga. Vask av hendene før de går inn på avdeling.
Hugs 1 meter avstand ( gjeld føresette ).
 

2020-08-14

Åpning av barnehager og skoler


Fra 20. april eller 27. april kan barnehagen åpne. Fra 27. april åpner skoler frå 1. - 4. klasse trinn og SFO

Sjekk denne nettstaden for oppdatert info:

https://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/sikkerhet-og-beredskap/informasjon-om-koronaviruset/

2020-04-08
Hygieneplakat

Informasjon om koronavirus


Me forheld oss til dei nasjonale råda gjeve av Folkehelseinstituttet og frå lokale råd frå kommunelege og/eller kommunalt beredskapsråd.
Oppdatert informasjon om koronavirus (FHI) ; 

 

2020-03-12
Koronavirus

Koronavirus - opplysningsfilm for barn


Helsedirektoratet har laget en informasjonsfilm om koronaviruset. Mange barn og unge har spørsmål om koronavirus.
I YouTube-filmen: https://youtu.be/v1W249tl1vA
får du svar på spørsmål Hermine (13) stiller Helen (lege i Helsedirektoratet).


Filmen gir også informasjon som er viktig at voksne vet.

2020-03-04
COS - bilete

COS - kurs på Hafslo

FORELDREKURS – COS

Vi startar opp med nytt COS- kurs

( Circle of Security) for føresette og tek i mot påmeldingar no.

Kurset vert i Hafslo barnehage, på tysdagar i 1,5-2 timar og går
over åtte veker. Første kurskveld tysdag 25.februar.

Påmeldingsfrist 12.februar.

2020-01-28
Karius og Baktus

Besøk av barnehageteateret - Karius & Baktus

Flott forestilling av barnehageteateret idag (Torsdag 19.09.19) i gymsalen på
Hafslo Barne- og Ungdomsskule kl 13. Dei hadde forestilling om Karius & Baktus.
I forkant har borna øvd inn songar som dei song ilag med Karius & Baktus.
Kjekk forestilling for liten og stor :)

2019-09-19
Brannbil 1

Brannvern veka (veke 38)

Nasjonal brannvern - veke 38 ( Måndag 16.09.19 - Fredag 20.09.19 ) :)
Gamlestova barnehage har tema brann heile veka. 2 stk varsla brannøvingar ( Måndag 16.09.19 & Tysdag 17.09.19 KL 10 )
+ 1 stk uvarsla brannøving i løpet av veke 38. Besøk av brannbil ; Tysdag 17.09.19 KL 09 :) 

 

 

2019-09-16
Gamlestova barnehage

FAU - Gamlestova bhg

FAU 2019 / 2020

Foreldrerepresentanter i FAU - Gamlestova barnelag 2019 / 2020

           * Ann Kristin Torgersen ( 2018 - 2020 )
           * Annika Fardal ( 2018 - 2020 )
           * Eirik Hoem ( 2019 - 2021 ) - NY !!
           * Per Olav Opheimshaug ( 2019 - 2021 ) - NY !!
 

Tusen takk for jobben i FAU - Perioden 2017 - 2019 ; Rolf Johan Stranden & Janne Grønbech.



 

2019-09-03
Powered by CustomPublish AS