Nærmare 120 barn har meldt seg på dei to puljene med FriMoro. Det er også bra påmelding på danseverkstad og dei andre kursa. 

Stadfesting på påmelding er sendt ut fortløpande denne veka og seinast måndag 21. juni.

To kurs er fulle. Reodorverkstad 4.-7. trinn i Gaupne 9.-11. august. Dei som er på venteliste på dette kurset vil få tilbod om å delta på kurset som går 2.-4. august.

Fotokurset 28.-30. juni i Gaupne er også fullt. Dei som står på venteliste der har fått tilbod om ekstrakurs 30.juni – 2. juli i Gaupne.

Det er att 12 plassar på kvart av dei to Sommarlab-kursa for årets 4.-7. trinn. Påmelding via www.sommerlab.no