A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Strikking med noko attåt

I kunst og handverktimen i dag vart strikketøyet henta fram att.

IMG_3650
IMG_3651
IMG_3652
IMG_3653

Medan elevane strikka og hekla fekk me sjå bilete frå 17.maifeiringa. Me fekk også høyra talen som 7.klassingane hadde. Det var kjekt å få høyra den, for sidan me bur i fleire bygder var det ikkje alle klassekameratane som hadde fått høve til å høyra talen på sjølve nasjonaldagen. Det var ein fin tale, og 7.klassingane gjorde ein hederleg innsats dei kan vera stolte av!

Me fekk også høyra musikk medan me arbeidde. Nokre masker måtte hentast opp att i løpet av timen, men no byrjar fleire å få litt lengde på strikket sitt og kan snart pynta trea i nærområdet!

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS