Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
12. mai 2021 kl. 14:05

Koronaviruset / Corona disease - information

Her finn du informasjon om smittesituasjonen i kommunen og anna informasjon knytt til koronaviruset.

Les meir...
7. mai:

Treng bedrifta di ny kompetanse og omstilling?

Vestland fylkeskommune tilbyr midlar til intern opplæring for bedrifter. Søk innan 22. mai.  Les meir...
A A A

Synfaring og prøvetaking langs Dalselvi 4-8 juni

Publisert
Denne artikkelen er over 2 år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Dalselvi.JPGI samband med kartlegging av vassførekomstar i henhald til vassdirektivets innføring vart det i 2017 teke vassprøvar i Dalselvi. Analysane av vassprøvane Luster Kommune har teke viser at vasskvaliteten i Dalselvi kunne vore betre.

Luster Kommune har ansvar for oppfylging, og har inngått ein avtal med NIBIO om hjelp til å analysera situasjonen. Årsakane er truleg samansett. Både kloakk, avrenning/utslepp frå landbruket, låg vassføring og andre faktorar kan spela inn. NIBIO kjem til å ta stikkprøvar av spredde avløp og avrenning frå gjødsellager i nedslagsfeltet.

NIBIO tek sikte på ei synfaring langs heile vassdraget i perioden 4-8 juni.

Føremålet med arbeidet er å finne ut om det bør setjast i verk tiltak, og kva som i så fall er dei mest kostnadseffektive tiltaka.

  • Skjema
  • Tenesteomtale
  • Dokument
  • Lenker