Juleglede er eit samarbeid mellom Luster Røde Kors, NAV Luster, Luster frivilligsentral, Luster Lions, Gaupne helselag og kyrkja i Luster.

Me samarbeider tett med einingar i kommunen som jobbar med barn, unge og familiar, så me vil også rette ei stor takk til alle som har vore med oss i dette arbeidet!

Kvart år lagar me også eit gratis kulturarrangement som skal gi alle barn og unge like mogelegheiter til deltaking på eit kulturtilbod i kommunen.Juleglede teater1.png

Den 22. januar inviterte arbeidsgruppa til teaterførestilling med Askeladden friteater og musikk med elevar frå UNG scene, i samarbeid med Luster folkeakademi og Pyramiden senter.

Det var ein flott kveld saman med barn og vaksne og det var veldig kjekt at så mange kom! 

Juleglede musikk.png

Alle bidrag varmar!

De har alle vore med å gjere ein forskjell for nokon som synes det er vanskeleg å gå jula i møte, ei stor takk til dykk alle!

 

Helsing

arbeidsgruppa Juleglede.