Me vil rette ei stor takk til alle privatpersonar, bedrifter, lag og organisasjonar som har bidrege økonomisk eller med gåver til Juleglede 2020!

81 barn fekk gleda av å motta personlege gåver gjennom dette tiltaket.

Juleglede er eit samarbeid mellom Luster Røde Kors, Luster Lions, Gaupne helselag, Luster Frivilligsentral og Luster kyrkjelege fellesråd.

Me samarbeider tett med einingar i kommunen som jobbar med barn, unge og familiar, så me vil rette ei stor takk til alle som har vore med oss i dette arbeidet.

Kvart år har me laga eit gratis kulturarrangement som skal gi alle barn og unge like mogelegheiter til deltaking på eit kulturtilbod i kommunen.

P.g.a covid-19 blir det dessverre ikkje kulturarrangement i år.

 

De har alle vore med å gjere ein forskjell for nokon som synes det er vanskeleg å gå jula i møte, ei stor takk til dykk alle!

Alle bidrag varmar!