Kultursjef Erling Bjørnetun innleiar temakvelden med:

  • Søknader om spelemidlar og søknader om tilskot til kulturføremål -  retningsliner og prosessane kring det å få ein søknad godkjent

Bjørn Tore Årøy, leiar IL Bjørn og Ove Midtbø, leiar Hafslo IL vil deretter gå gjennom praktiske døme på dokumentasjonskrava for spelemiddelsøknader og for søknader om tilskot til kulturformål.

Målgruppa er styremedlemer og andre som arbeider med spelemiddelsøknader og søknader om tilskot til kulturføremål i idrettslag og organisasjonar i Luster kommune.

På grunn av koronasituasjonen vil det vere avgrensa plassar, og her gjeld det å vere tidleg ute med påmelding. Om det vert fullt, må vi stenge påmeldinga. Vi ønskjer påmelding per e-post til lusteridrettsrad@gmail.com  innan 15.november 2020.

Det vert enkel servering.

Vel møtt!

Arrangør: Luster idrettsråd i samarbeid med Luster kommune