«Livet står aldri stille» syng Anne Grete Preus, det er sant. Utvikling skjer heile tida, og dei teknologiske endringane går stadig raskare. Regjeringa skriv slik i Stortingsmelding 4 (2018/19):

Regjeringen har som ambisjon at Norge skal være et av de mest innovative landene i Europa. Som andre høykostland må Norge konkurrere med kunnskap som grunnlag for innovasjon og høyere produktivitet.

Utvikling og utviklingsarbeid er og noko som dei lokale bedriftene i Luster kommune må forholde seg aktivt til. Kommunen og banken har fått nokre lustrabedrifter frå ulike bransjar, til å fortelje litt om utviklingsarbeidet i si bedrift:

Skjolden hotell
Luster Sparebank
Luster energiverk
Digital Etikett

Temamøtet vert på Gaupnetunet kl 19.00 den 25.3. Etter innleiingane vert det servert mat, og det vert høve til prat. Påmelding til næringssjef Olav.grov@luster.kommune.no innan 22.3.

 Luster Sparebank
 Luster kommune