Kommunen har heile 14 verneområde som ligg heilt eller delvis innafor kommunegrensa, med tre nasjonalparkar, sju naturreservat, tre landskapsvernområde og eitt fuglefredingsområde.
Totalt er 1435 km2 eller 52 % av kommunen sitt areal verna. Kommunen har sjølv ansvar for forvaltninga av naturreservat og fuglefredingsområde, medan dei tre nasjonalparkane har eigne forvaltarar og eigne styre. Kommunen fekk i 2008 status som nasjonalparkkommune.
Luster kommune kan by på eit breitt spekter av opplevingar. Me ynskjer at du skal kunne nyte naturen og nasjonalparkane, i kombinasjon med spennande aktivitetar både med og utan guide, god mat og ikkje minst ei god seng. Av aktivitetar kan du velje og vrake mellom, finn du alt i frå padling, SUP, juving, brevandring, fisking og mykje meir.
God informasjon om dei ulike fasilitetane Luster kommune tilbyr kan du finne på Fjord Norway sine sider her:
Hafslo
Solvorn-Gaupne
Jostedal
Skjolden
I Noreg gir allemannsretten rett til å ferdast fritt til fots i utmark. Dei fleste turane i kommunen er merka, både i og utanfor verneområda. For å hindre store sår i terrenget, oppmodar me om å bruke desse stiane der du kan.