No til hausten blir det tilbod om norskopplæring for framandspråklege arbeidsinnvandrerar på A2 nivå i Gaupne. Kurset er særleg aktuelt for tilflyttarar som har fullført norsk A1 eller er på tilsvarande nivå frå før.
Vi anbefaler ikkje kurset for dei som ikkje kan noko norsk i det heile tatt. Dette er eit litt vidaregåande kurs.

 

Kurset vil starte i veke 35, tysdag 27 august og torsdag 29 august på Gaupne Skule om det vert nok påmelde.

Dei som skal vere med, må melde seg på ved å klikke her:
https://www.folkeuniversitetet.no/Spraakkurs/Norskkurs-grunnivaa/Norskkurs-litt-oevet-A2/(lang)/nor-NO?city%5B%5D=Luster.

Kontaktperson:
Folkeuniversitetet v/Reidar Brandsberg – 57 74 47 00 – 47 65 69 06

 

 

Til verksemder i Luster kommune
No til hausten blir det tilbod om norskopplæring for framandspråklege arbeidsinnvandrerar på A2 nivå i Gaupne. Kurset er særleg aktuelt for tilflyttarar som har fullført norsk A1 eller er på tilsvarande nivå frå før.
Vi anbefaler ikkje kurset for dei som ikkje kan noko norsk i det heile tatt. Dette er eit litt vidaregåande kurs.

 

Folkeuniversitetet og Luster Kommune har sidan 2017 hatt eit godt samarbeid om norsk-opplæring. Det førte hausten 2017 til to fulle kurs i Gaupne på norsk A1. No til hausten tek vi dette eit steg vidare og gjer tilbod om kurs i vidaregåande norsk A2.
Kurset vil starte i veke 35, tysdag 27 august og torsdag 29 august på Gaupne Skule. Det er plass til 15 deltakarar og det blir berre dette eine kurset som blir sett opp no i haust.  

Det blir undervisning 4 skuletimar to gonger i veka over totalt 48 timar. Kurset vil koste kr. 4800,- + ca 700 i lærebøker = totalt kr. 5500,-. Luster Kommune vil dekke 50% = kr. 2750,- pr deltakar.
Det blir anbefalt at resten av kostnadene blir dekka gjennom ei deling mellom verksemda og den einskilde deltakaren. Sist i 2017 var eigenandelen kr. 1000,- og verksemda dekka resten.

Ein kan melde seg på ved å klikke her: https://www.folkeuniversitetet.no/Spraakkurs/Norskkurs-grunnivaa/Norskkurs-litt-oevet-A2/(lang)/nor-NO?city%5B%5D=Luster

------------------------------------------------------------------------------


Tilleggsinformasjon

I fleire av språka det er tilbod om kurs i, kan ein ta en nivåtest for å finne ut kva kurs som passer den einskilde sitt nivå. Vel nivåtesten for deg som skal ta språkkurs i resten av landet – denne linken sender deg til denne siden: http://cefr.folkeuniversitetet.no/ .
Her må ein registrere seg for å kunne gå vidare og finne ut kva nivå ein ligg på.


Alle Folkeuniversitetet sine språk-kurs er basert på Europarådet sin nivåskala for språk. Dette er eit felles europeisk rammeverk, som nyttast for å beskrive kva kunnskapar og dugleiker som er målet for kvart nivå. Nivåskalaen består av totalt seks nivå frå A1 til C2.
Meir informasjon om dei ulike nivåa finn du her: www.folkeuniversitetet.no/europeisk-rammeverk/side-id-10208/