I haust vil det bli tilbod om norskopplæring for framandspråklege på nivå A1 og A2 ved Luster vaksenopplæring.

Kurset vil føregå i 12 veker, to kveldar pr. veke, 2,5 timar kvar gong (totalt 60 timar).   

Fyrste kursdag er måndag 31/8 kl. 17.00

Kurset inneheld:

  • Munnleg og skriftleg norskopplæring
  • Deltakarar som har behov for å få opplæringa/deler av opplæringa digitalt kan få tilbod om å følgje ordinær undervisning i klasserommet via nett (Lyt då ha tilgang til eigen pc).
  • Tilgang til digital nettressurs i kursperioden.

Pris kr. 6000,- Prisen inkluderer leige av læreverk og tilgang til digital læringsressurs i kursperioden.

Luster kommune dekkar 50% av kursavgifta for arbeidsinnvandrarar. Det vert anbefalt at resten av kostnadene vert dekka gjennom ei deling mellom verksemda og den einskilde deltakaren.

For informasjon og påmelding kontakt Linda Kristin Brunborg

Epost: linda.brunborg@nav.no
Tlf: 47447113