Tilbodsinnbydinga gjeld tilbod på utføring av alt arbeid med snøbrøyting og rydding av kommunale vegar, gang- sykkelvegar, fortau og plassar tilhøyrande Luster kommune.

Kommunen har om lag 120 km vegar og plassar som skal brøytast. Dei kommunale vegane er inndelt i fleire rodar, totalt 19 stk.  Tilbydar gjev pris på den eller dei rodane ein ynskjer.

Kontraktane vil vere 5- årige, dvs. frå 01.10.2017 – 30.04.2022.

Tilbodsfrist: onsdag 30. august 2017, kl. 12.00.

Interesserte entreprenørar kan få tilbodsdokumentet ved å hendvende seg til servicetorget på tlf. 57 68 55 00.
Eller du kan skrive ut her  - lenkje til tilbodsdokument