• Sonene Nes/Luster, Fortun/Skjolden, Sørsida, Indre Hafslo og Hafslo/Solvorn eit løyve pr. 375 daa. Unntak i sone Fortun/Skjolden er Skjolden Storvald som får tildelt eit løyve pr. 500 daa.
  • Sonene Veitastrond, Gaupne, Jostedal, Utladalen får tildelt eit løyve pr. 750 daa.


I medhald av hjorteviltforskrifta § 18, skal løyva tildelast etter prinsippet om målretta avskyting.  Bestandsplanområde med godkjent bestandsplan får tildelt frie løyver frå kommunen. For 2020 gjeld fylgjande fordeling:

Kalv: 35 %

Spissbukk: 12,5 %

Vaksen bukk: 17,5 %

Hodyr: 35 %

 

Unnatak gjeld Jostedal og Veitastrond som får denne fordelinga:

Kalv: 35 %

Spissbukk: 10 %

Vaksen bukk: 25 %

Hodyr: 30 %

 

Me oppmodar jegerane om å skyte kalv og ungdyr for bygge opp ein eldre hjortestamme.  Som vanleg skal kvart hjortevald levera fellingsrapport og Sett hjort-skjema til kommunen. Fellingsrapporten finn du nedst på det same arket som fellingsløyvet (vedlegg), det sender du inn til kommunen når jakta er ferdig. «Sett hjort» registrer du på www.hjorteviltregisteret.no eller via appen settogskutt. Ta kontakt med oss på kommunen dersom du treng hjelp med pålogging eller anna. Fristen for rapportering er 14 dagar etter jaktslutt, dvs. seinast 8. januar. Informasjon om fellingsløyve, «sett hjort»-statistikk og fellingsresultat for dei siste åra er tilgjengeleg på hjorteviltregisteret.no.

For jakta 2020 skal det takast aldersanalyse av vaksne hjort over 2,5 år. Dei to midtre fortennene skal leverast på kommunen ved jaktslutt. Meir informasjon om dette blir sendt ut til valdleiarar.

Kommunen sitt telefonnummer for varsling 90 77 56 56. Kommunen skal varslast ved resultatlaust ettersøk innan utgangen av dagen.