Moen bru
Denne er i ei bredde på 2,5 m open for «lette» køyretøy med totalvekt under 7500 kg. Dersom det er bruk for tilkomst for tyngre køyretøy må dette avklarast med Statens vegvesen. Då brua skal utbetrast vil det være periodar der denne må stengast, slik stenging vil bli varsla på Luster kommune si heimeside dagen før.

Bustader ved «Kvednabakken»
Det opparbeidast midlertidig tilkomst for personbilar som ei forlenging av gardsveg ved «Smiebakken», denne vil være open frå og med førstkomande laurdag. Vegen går via gardstun og det er særskilt viktig at det blir teke omsyn til dette.

Dersom det er spørsmål i samband med tilkomstvegane ovanfor kan de ta kontakt med Statens vegvesen ved byggeleiar Jørn Kristian Engebø på telefon 951 91 891.