Kommunestyret har vedteke at Luster skal vurdere å redusere tal røystekrinsar. Samstundes skal me dimensjonere valet om det framleis er koronapandemi ved valtider.

Rådmannen har vurdert saka og tilrår at på valdagen vert det vallokale i idrettshallen i Gaupne, i samfunnssalen på Hafslo og på Fjordstova i Skjolden. Dette er store lokale, godt tilgjenge for alle og plass til å ha fleire avlukke og røystebord med manntal og urne.

Blir lagt til rette slik at alle får røyste.
Det er mogleg å førehandsrøyste før valdagen, med «tidlegrøysting» frå 1. juli og vanleg førehandsrøysting frå 10. august. Rådmannen vil føreslå at det blir førehandsrøysting i fleire bygder før valet, og utvida opningstider på førehandsrøystinga på rådhuset og ev. andre lokale.
På omsorgssentra er det eigne dagar for førehandsrøysting og sjuke og uføre har høve til å røyste heime.

Valstyret handsamar saka i møte onsdag 10. mars.