Kommunen skal kvalitetssikre og godkjenne søknadene i anleggsregisteret innan 30. april. Det er kommunen som opprettar anleggsnummer og brukar for søkjaren i anleggsregisteret. Er det fleire enn éin søknad i kommunen, må søknadene prioriterast gjennom politisk vedtak. Kommunen legg ved uttale om behovsvurdering saman med søknadene i anleggsregisteret. Les meir om dette i retningslinjene på fylkeskommunen si nettside

Det er ein stor fordel om søkjar samlar flest mogleg av vedlegga til søknaden i eitt eller nokre få dokument, framfor i mange. Er søkjaren om tilskot til kulturbygg ein tidlegare søkjar som har fått søknaden godkjent, men avslag grunna lite midlar, kan han fornye søknaden i anleggsregisteret. Søkjaren treng då ikkje laste opp vedlegga på nytt, då desse er tilgjengeleg i systemet via tidlegare søknad.

Du finn informasjon, retningslinjer, link til anleggsregisteret m.m. på fylkeskommunen si nettside